top of page

VOSSALISTA

Me stiller til val til heradsstyret i 2027 for å snu politikken på Voss. Det er på tide å setja det viktigaste først!

Kven er me?

Vossalista vart stifta i 2026 for å stilla liste til kommunevalet.

​

I styret sit:

Anne-Mari Samskott

Sidsel Vinsand

Svein Are Mørkve

Varamedlemmer:
Haakon Haverkamp

Hallvard Berge

Foto: Sverre Jervell

Kva skjer?

Folkemøter hausten 2026

Vår politikk

Politikk handlar om prioriteringar.

 

Når politikarane må velja, vil Vossalista prioritera dei grunnleggjande oppgåvene først: helse og omsorg, barn og unge og tenester som gjer heile Voss til ein god stad å bu.

​

Me kjem til å seia JA når det styrkjer desse oppgåvene. 

Me kjem til å seia NEI når andre prosjekt set dei under press.

​

​

Verdige helse- og omsorgstenester

Dei eldre har bygd samfunnet vårt. Dei fortener tryggleik, verdigheit og omsorg.

Ein god oppvekst

Ingen barn får barndomen sin om att. Difor må kommunen lukkast medan barna er små. 

Heile Voss i fokus

Folk skal kunne bu, arbeida og byggja seg ei framtid i heile heradet. 

Eit folkestyre

Forsvarleg saksutgreiing, lojal oppfylgjing av vedtak og ytringsfridom for kommunalt tilsette.

Engasjer deg i Vossalista!

Vil du vera med? 

Ver med og diskuter kva me skal jobba med og korleis me skal få gjennomslag!

Kjenner du andre som vil vera med?

Vil du hjelpa oss i valkampen?

Eller kanskje du vil stå på lista til kommunevalet?

Kontakt oss:
​
E-post: vossalista@gmail.com
​
Telefon: 95818751 (Anne-Mari)

bottom of page