
Partiprogram
Vossalista sitt partiprogram kjem til å verta utforma vidare fram mot valkampen.
Til grunn for all politikk med vedtar ligg den politiske plattforma, som du kan lesa her:
Overordna
VÃ¥rt kompass
Politikk handlar om prioriteringar.
Når politikarane må velja, vil Vossalista prioritera dei grunnleggjande oppgåvene
først: helse og omsorg, barn og unge og tenester som gjer heile Voss til ein god stad
Ã¥ bu.
Me kjem til å seia ja når det styrkjer desse oppgåvene. Og me kjem til å seia nei når
andre prosjekt set dei under press.
Det viktigaste først!
01. Helse og omsorg
Verdige helse- og omsorgs-tenester
Korleis kommunen tek vare på dei eldre og dei mest sårbare innbyggjarane, seier
mykje om kva slags samfunn me ønskjer å vera. Dei eldre har bygd samfunnet vårt.
Dei fortener tryggleik, verdigheit og omsorg.
Vossalista vil prioritera at kommunen har nok folk på jobb slik at dei tilsette får tid til å
gi god omsorg. Me vil arbeida for auka aktivitets- og sosialtilbod til eldre, og at dei
som treng institusjonsplass skal få det når dei har behov for det. Slik kan ein
samstundes redusera belastinga for dei pårørande.
​
Gode tenester krev dyktige fagfolk. Difor må kommunen arbeida for betre
arbeidsvilkår, redusert belasting for dei tilsette og ei organisering som gjer det
mogleg å rekruttera og halda på kompetanse.
02. barn og unge
Ingen barn får barndomen sin om att. Difor må kommunen lukkast medan barna er
små.
Vossalista vil prioritera trygge barnehagar og skular med nok vaksne med rett
kompetanse og gode arbeidsvilkår for dei tilsette.
​
Me vil også prioritera ei god skulefritidsordning, samt fritidstilbod til barn og unge slik
at dei kan delta i trygge fellesskap, uavhengig av foreldra sin økonomi.
Tidleg innsats er viktig når barn og familiar treng støtte. Det krev kommunale tenester
som samarbeider og snakkar saman. Barn og familiar skal få den hjelpa dei treng,
når dei treng henne.
Ein god oppvekst
03. Eit levande herad
Voss er meir enn sentrum. Levande bygder er ein føresetnad for eit sterkt herad.
Vossalista vil arbeida for at folk skal kunna bu, arbeida og byggja seg ei framtid i
heile heradet. Difor vil me prioritera gode tenester nær folk, trygge vegar, god
skuleskyss og vedlikehald av det kommunen eig.
Me vil òg arbeida for gode rammevilkår for landbruk og lokalt næringsliv.
Â
Me er for utvikling, men utvikling må byggja på ansvarlege prioriteringar. Kommunale
investeringar og prosjekt må alltid vurderast ut frå konsekvensane dei får for
kommunen si evne til å levera gode tenester i framtida.
Â
Me vil arbeida for å ta vare på den lokale råderetten og mot kommunesamanslåing.
Heile Voss i fokus
04. Demokrati
Eit folkestyre
Godt folkestyre handlar om tydelege roller:
- Innbyggjarane vel politikarane til å styra kommunen
- Politikarane skal prioritera og ta val på vegner av innbyggjarane
- Administrasjonen si oppgåve er å leggja fram saker på ein god måte, gje faglege
råd og gjennomføra vedtaka dei folkevalde gjer.
Â
Vossalista meiner folkestyre krev openheit og tillit. Difor vil me styrkja dei folkevalde si moglegheit til å utøva reell politisk styring gjennom betre tilgang til informasjon og betre arbeidsvilkår ved å:
- krevja open og forståeleg økonomirapportering til kvart heradsstyremøte
- krevja at alle saker skal vera forsvarleg utgreidde og visa konsekvensar av
alternativa politikarane kan velja mellom
- krevja at politiske vedtak vert følgde opp med statusrapport til heradsstyret til dei
er gjennomførte eller avslutta
- sikra ein kultur der tilsette i kommunen kan ytra seg fritt og bidra med faglege
vurderingar
Konklusjon
VÃ¥rt val
Ein god kommune vert bygd ved å gjera det viktigaste godt, - ikkje av å gjera mest
mogleg.
Vårt val er enkelt: Det viktigaste først!
