top of page

Styret

Anne-Mari Samskott

Styreleiar

Anne-Mari er 42 år og bur på Fyre Gard saman med mannen sin Hallvard, borna Leif på 4 og Mari på 2, kårfolk, hund og sauer. Ho har med andre ord nok av både folk og fe å halde styr på – men klarar ikkje å la vere å engasjere seg i det som skjer i lokalpolitikken.

 

Etter 12 år i Oslo flytta ho tilbake til Voss i 2022 og overtok garden på Stalheim. Ho meiner det skal vere mogleg å bu, arbeide og skape seg eit godt liv i heile Voss herad.

Til dagleg jobbar ho som bonde og politisk koordinator, så ho har kanskje ei litt over gjennomsnittet stor interesse for politiske saker, kommunale dokument og lange sakspapir. Ho likar å grave seg ned i saker, stille spørsmål og finne ut om tala faktisk stemmer – eller om det berre ser fint ut i eit rekneark.

 

Det som engasjerer og uroar ho mest, er likevel noko større: folkestyret. For Anne-Mari handlar demokrati om at det er innbyggjarane som skal setje retninga for kommunen gjennom dei politikarane dei vel. Når viktige politiske avgjerder blir utfordra eller sette til side, meiner ho at det er grunn til å vere på vakt. Ho opplever at dette er ei utfordring på Voss – og det er ein viktig grunn til at ho har valt å engasjere seg.

 

Ho er engasjert, nysgjerrig og til tider ganske sta. Særleg når ho meiner noko er urettferdig – eller når nokon prøver å fortelje ho at «sånn har me alltid gjort det». Då kan det fort kome eit oppfølgingsspørsmål. Eller tre.

Anne-Mari er med i styret i Vossalista fordi ho trur på politikk som tek vare på dei som treng det, tek folkestyret på alvor, tør å utfordre det etablerte og ser heile kommunen.

​

anne-mari.jpg

Sidsel Vinsand

Styremedlem

Sidsel er 71 år og bur på sørsida av Vangsvatnet med mannen sin Halle, – og har flott utsikt og sterke meiningar.

​

Ho er ei engasjert dame som ikkje sluttar å bry seg om samfunnet berre fordi ho har passert 70. Tvert om!

​

Sidsel har tidlegare vore lærar på gymnaset, så ho har mange år med både ungdom, kunnskap og samfunnsengasjement i bagasjen. Når ho ikkje er oppteken av politikk, er ho sauebonde. Og dei som kjenner sauer, veit at det er ein jobb som krev både tolmod, innsats og evne til å ta ting på strak arm. Det kan koma godt med i politikken òg!

 

Sidsel har vore vara til heradsstyret og har med seg mange år med politisk erfaring. Nyleg melde ho seg ut av Raudt, og no har ho valt å bli ein del av Vossalista.

Ho lyttar gjerne til kva andre har å seia og er klar på at alle skal kunna ta del i den offentlege debatten utan negative sanksjonar. Sjølv er ho ikkje redd for å seia meininga si, og etter mange år som lærar og politisk engasjert har ho både erfaringa og argumenta på plass.

 

For Sidsel handlar lokalpolitikk særleg om å styrkja kvardagsvelferda til folk, og ho vert beint fram opprørt og fortvila over at det stadig vert kutta i dei grunnleggjande velferdstenestene våre. Voss skal vera ein god kommune å bu i – for folk i alle aldrar og i heile kommunen! Basta!

 

71 år. Tidlegare lærar. Sauebonde. Lokalpolitikar. Framleis brennande engasjert i Voss.

sidsel.jpg

Svein Are Mørkve

Styremedlem

Svein Are er 44 år, pappa til Sina og bur i Skulestadmoen. Med røter både i Myrkdalen og Jordalen har han alltid hatt eit nært forhold til bygdene på Voss – og til folk som bur der.

​

Han er utdanna mekanikar, og er ein av dei som helst vil finna ut korleis ting fungerer før han gir seg. I dag brukar han mykje av tida si på gitarar og musikkinstrument. Svein Are er både instrumentreparatør og musikar, og trivst godt når han får bruke både hovudet og hendene.

​

Musikken har vore ein viktig del av livet hans, men det er også menneska rundt han som engasjerer. Svein Are er oppteken av at folk skal ha det bra – og at det skal vera godt å bu på Voss, anten ein bur midt i sentrum eller litt lenger unna.

​

For Svein Are handlar det å vere oppteken av bygdene ikkje om å setje bygdene opp mot sentrum. Voss er eit stort herad, med mange ulike lokalsamfunn, og alle desse skal få vere ein viktig del av heradet vårt. Det må vere mogleg å bu, arbeide og skape eit godt liv også utanfor sentrum.

​

Han meiner også at det offentlege ordskiftet har godt av at folk med ulike bakgrunnar og erfaringar engasjerer seg. Ein treng ikkje vere politikar av yrke for å ha noko å bidra med.

​

Svein Are hadde kanskje ikkje sett for seg at han skulle ende opp på ei valliste. Men når ein først meiner at noko kan gjerast betre, er det vel like greitt å bli med og bidra til at det faktisk blir gjort.

​

44 år. Pappa. Mekanikar. Instrumentreparatør. Musikar. Myrkdalagut og Jordalsgut.

svein-are.jpg

Haakon Haverkamp

Varamedlem

Lege ved Voss sjukehus, austlending i eksil og dedikert småbarnsfar.

 

Etter studiar i Bergen pakka han og familien flyttelasset og sette kursen mot Voss i 2022. Når han ikkje er på jobb, finn du han helst utandørs med ski på beina eller på tur i fjellet – eventuelt i gang med stadig nye oppussingsprosjekt på heimebane.

 

Kvardagen blir delt med kone og to barn, noko som garanterer både høgt kaffiforbruk og eit ekte engasjement for lokalmiljøet.

 

Med bakgrunn frå helsevesenet er verdige helse- og omsorgstenester sentralt for han. Han ser korleis systemet slit med å dekkja behovet i kommunen. Han brenn særleg for å få til eit saumlaust og godt samarbeid mellom sjukehuset og primærhelsetenesta, slik at pasientane blir godt tekne vare på i alle ledd.

 

Som pappa merkar han på kroppen kor avgjerande det er med trygge og gode oppvekstvilkår. Lokalskular og barnehagar er sjølve hjartet i nærmiljøet, og Haakon vil kjempa for at barna våre skal ha eit nært og sterkt tilbod, uansett kvar i kommunen dei bur. Han stiller opp for lokalsamfunnet fordi han ønskjer ein kommune som er god å veksa opp i, god å leva i – og trygg å bli gammal i.

haakon.jpg

Hallvard Berge

Varamedlem

Hallvard er 46 år og bur på Fyre på Stalheim. Han er innflyttar, men etter mange år på Voss har han funne ut at det er på tide å ta litt ansvar for kva som skjer rundt han – sjølv om han eigentleg hadde tenkt å halde seg unna politikken.

 

Det gjekk ikkje heilt etter planen.

​

Som pappa til to små og pårørande til fleire i den eldre generasjonen, har Hallvard blitt stadig meir oppteken av korleis me tek vare på Voss. Han er særleg oppteken av at det skal vere mogleg å bu gode liv i heile kommunen, og at viktige tenester skal vere nær folk – også utanfor sentrum.

​

Han har etter kvart oppdaga at det finst mange meiningar om lokalpolitikk. Heldigvis har han også ei eiga meining om det meste. Den øver han på medan han fôrar sauene. Sauene har etter sigande blitt ganske gode på å høyre lange politiske innlegg, men dei har begynt å vise teikn til at dei ønskjer kortare appellar.

​

Difor synest Hallvard det er på tide å sleppe engasjementet laus også utanfor fjøsen. Han gler seg til å diskutere, lytte, lære og – ikkje minst – argumentere for det han meiner er viktig for Voss.

​

Og om nokon lurer på korleis han hamna i styret i Vossalista: Han er gift med partileiaren.

hallvard.jpg
bottom of page